
Kurs – Copilot i praksis
April 16 @ 09:00 - 14:00 CEST
Betre verdiskaping, samarbeid og beredskap med Microsoft 365 og Copilot
CloudWay, i samarbeid med Stad Hotell, inviterar til eit lærerikt og aktivt kurs der vi ser på korleis dykkar verksemd kan forbetre verdiskaping, samarbeid og beredskap ved å ta i bruk Microsoft 365 og Copilot.
🗓️Dato: Torsdag 16. april 2026
⌚Tid: 09:00-14:00 (og tid for spørsmål eller rådgjeving fram til kl. 16:00)
📍Stad: Stad Hotell, Leikanger, Stadlandet
Agenda for dagen
9:00 – 09:30 | Velkomst og introduksjon
(Før kurset får de tilsendt eit kort spørjeskjema der de skriv forventningar for dagen, samt nokre få spørsmål til. Kurset tilpassast innspel frå spørjeskjemaet).
– Presentasjon av mål og forventningar
– Korleis kan du sikre struktur, tryggleik og effektivitet, og kvifor er det viktig å handle no
09:30 – 10:00 | Del 1: Oversikt og strategi
– Kva er Copilot og korleis fungerer det i Microsoft 365?
– Gevinstar, risikofaktorar og endringsbehov
– Diskusjon: Korleis ser suksess ut for oss?
10:00 – 10:10 | Pause
10:10 – 11:00 | Del 2: Praktisk bruk og god praksis
– Demonstrasjon av Copilot i Office-verktøy, Teams og SharePoint
– Vi ser på korleis ein kan nytte Microsoft 365 og Copilot som del av beredskapen. Prinsippa vi ser på her, kan brukast på mange prosessar i ein verksemd
– Hands-on øvingar i grupper
– Tips for struktur og orden i Microsoft 365
11:00 – 11:30 | Lunsj
11:30 – 13:30 | Gruppearbeid
Del 3: Kultur og endringsleiing
– Korleis skape ein berekraftig digital kultur
– Roller og ansvar i innføringsprosessen
– Case-diskusjonar frå deltakarane
Del 4: Planlegging og neste steg
– Utarbeiding av handlingsplan for eigen organisasjon
– Identifisering av nøkkeltiltak og tidslinje
13:30 – 13:40 | Pause
13:40 – 14:00 | Oppsummering og avslutning
– Deling av hovudpunkt
– Spørsmål og svar
Målgruppe for kurset:
Leiarar, prosjektansvarlege og nøkkelpersonar som skal bidra til innføring og bruk av Copilot og Microsoft 365 i organisasjonen.
Kva får de med dykk:
– Auka digital kompetanse og tryggleik i leiarrolla og teamet
– Praktiske verktøy og sjekklister for struktur og tryggleik
– Konkrete døme og handlingsplan for å ta i bruk Copilot, samt få meir ut av Microsoft 365, i eiga verksemd
– Ein betre forståing på korleis alt heng i hop og kva som faktisk krevst for å lykkas med teknologi
– Dette finne du ikkje so mykje av på YouTube (ergo: det er lurt å sette av dagen og bli med på kurset)
Formål:
Kurset gjer deltakarane innsikt, praktisk erfaring og strategiske verktøy for å ta gode val og sikre verdiskaping med Copilot og Microsoft 365. Vi kombinerer teori, praktiske øvingar og diskusjonar for å styrke digital kompetanse og etablere ein felles forståing av moglegheiter og utfordringar.
Ta med teamet:
Det er ikkje et krav for å delta, likevel tilrår vi at du som leiar tek med deg 1–5 personar frå eiga verksemd.Gjennom kurset diskuterar og jobbar de saman i gruppe for å lage ein konkret slagplan og aktivitetar som gir framdrift etter kurset. Samstundes er det fleire frå verksemda som får med seg innsikt og kunnskap tilbake. To personer kan få med seg veldig forskjellig frå same workshop, samt at ein har nokon å sparre med, som har vore med på det same. Slik sikrar de at læringa blir forankra og sett ut i livet i eiga verksemd.
Utbygge for deltakarane
– Forstå korleis Copilot og Microsoft 365 kan skape verdi
– Praktiske ferdigheiter og verktøy
– Konkrete tiltak for å starte eller styrke innføringa av teknologi de allereie har eller vurderar å innføre
Om kurshaldar: Merethe Stave
Merethe Stave er Chief Customer Officer og Senior Cloud Architect i CloudWay. Ho har over 15 års erfaring med Microsoft-teknologi og brenn for å hjelpe organisasjonar med å byggje solide, moderne arbeidsplassar gjennom kompetanseutvikling, brukaradopsjon og delingskultur.
Ho har fleire sentrale verv, blant anna i Norwegian Microsoft Tech Community og IT Forum Vest, og engasjerer seg sterkt i fagnettverk og kompetansebygging, som i IT Forum Vest – der ho er engasjert i bl.a. prosjektet “Jenter i Tech“, for å inspirere fleire jenter til å velje teknologi som karriere.
Merethe er ein internasjonal foredragshaldar og anerkjend fagleiar, kjend for sitt arbeid med inkluderande teknologikultur og innovasjon i moderne arbeidsliv. I 2020 blei ho anerkjent som ei av Norges 50 fremste kvinner i tech av Abelia og Oda-nettverket.
På femte året er ho anerkjent som Microsoft MVP (Most Valuable Professional) for teknologiområde Microsoft 365, Viva og Copilot. Sistnevnte er ein pris og anerkjennelse ein får frå Microsoft for å bidra med kunnskapsdeling, bidrag inn i fagnettverk og kompetansebygging utanom daglig arbeid. Ho er og mentor for andre.
I tillegg er ho leder for styret i Stadlandet Grendahus, soknerådsmedlem for Leikanger Kyrkje, og styremedlem i SRK Stad Sjøredningsklubb, samt medlem av interimstyret for frivillighetsrådet i Stad kommune.
For at dei deltakarane som ynskjer det kan oppleve meir av det vakre Stadlandet når dei først tar turen, har vi fått ein ekstra god avtale med hotellet og lagt inn overnatting som moglegheit. Velg den kurspakken som passer deg best:
Pris for kurset og eventuell overnatting:
– Kurs
– Møterom
– Pausemat og kaffi/te/forfriskninger i løpet av dagen
– 2-retters lunch
– Pris: NOK 3.500,-Overnatting for kursdeltakere
+ hotell overnatting*NOK 1.500,- per natt (ekstra gjest overnatting NOK 200,-)
Gi beskjed om du ønsker å booke hotellrom. Dette bookes direkte med hotellet.
*Overnattingsprisen gjelder kun deltakarar på dette kurset og eventuell ekstra gjest.
Forbehold: Vi tar forbehold om at vi har minimum 7 kursdeltakarar innan 6. april, for å kunne gjennomføre kurset.